Videoinnslag i Plassapodden 34

Medan vi ventar på julaftan og julenissen, kan vi kosa oss med nokre innslag frå den siste Plassapodden. Plassapodden er ein podkast, eller lokal-TV, som driftige Sigurd Vikøren står bak. Den kom nyleg ut med si 34. sending, med fokus på Uskedalen, og fleire uskedelingar var svært sentrale. Først ut er Bjørgulv Eik, og vi blir kjende med mange sider ved den allsidige og aktive kulturpersonlegdomen. Dette blir etterfulgt av eit intervju med populære Børsdalsnissen som dukkar opp i bygda vår rett som det er rundt juletider. I siste del av sendinga får vi møta ein tredje uskedeling, nytilflytta Kjersti Brakestad Boge. Dette programmet i Plassapodden kan de sjå ved å klikk på HER.

Børsdalsnissen.

Dei tidlegare programma i Plassapodden finn de ved å gå inn på hardangerfjordmagasinet.no.

Tekst, skjermdump og nett: Thor Inge Døssland