Christian Meaas Svendsen vart tildelt Kvinnherad kommune sitt kulturstipend i 2025. Som takk for stipendet kvitterte han med ei rekkje konsertar framført på den japanske bambusfløyta shakuhanchi. Det vart ein time utanom det vanlege. Svendsen er ein dyktig formidlar, ein time med fin veksling mellom det musikalske og det verbale. Konserten var flytta til Gamleskulen sidan kyrkja er stengd.

Den fyrste delen kalla RO går ut på at Christian spelar den same tonen omatt og omatt, men med små nyansar. Det som vi ofte oppfattar som susing i musikken, er ein del av framføringa. Det kan vera luftlyd, lydbylgjer som om du er på ei strand med naturlyd. Etter det var dei ulike avdelingar japansk musikk.

To kjende salmar vart framført på shakuhachi. Det var Folkefrelsar til oss kom, den eldste salem vi kjenner til frå 300 talet og Mitt hjerte alltid vanker, dansk salme frå 1732.

Christian Meaas Svendsen bur på Løfallstrand. Han er musikar og for tida musikalsk leiar i Rosendal songlag. Stipendet er brukt til å ta timar med læraren sin, reise til Japan og innkjøp av shakuhachi. Han hadde med og spelte på to ulike instrument av shakuhachi.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal