Ei lysmesse der konfirmantane fekk vera med på ei historisk hending.
Det var nytt og truleg historisk i går då Helgheim vart rigga og gjort klar for gudsteneste med konfirmantane. Ungdomshuset Helgheim har hatt ei variert bruksform, alt frå dansar, kino, teater til møteaksjonar med eit religiøst innhald. Men, så langt vi kjenner til, er det fyrste gongen Helgheim vert brukt til gudsteneste. I går var det Lysmesse. På juleafta er det Julegudsteneste.

Soknerådet prest og kyrkjetenar er saman om jobben med å flytta utstyr frå kyrkja til Helgheim. På lysmessa var den 7 arma lysestaken på plass. Det same med globen, prosesjonskrossen og adventsstaken. På juleafta vil det sjølvsagt vera juletre.
Klokkeringinga vart løyst på ein fin måte. Den historiske skipsklokka fungerte fint både før gudstenesta tok til og ved 3 x 3 før postludiet. Nokre var framme og fekk sjå initialane E, Rex og det kongeleg monogrammet.

Dei seks konfirmantane las tekstar og tende lys. Som vanleg var det inngang med lysprosesjon. Prest i går var Kjetil Kringlebotten, Organist: Kantor Eva Megyesi. Kyrkjetenar: Johannes Solheim og klokkar: Jon Harald Kjærland.
Julevandringa for barnehagen er lagt til Bedehuset. Neste gudsteneste er på Juleafta kl. 15.00, i Helgheim. Kjesti Brakestad Boge er prest. Musikklaget spelar til inngang og utgang i tillegg til å ha tonefylgje til salmane.

Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Eva Megyesi/ Kristian Bringedal