Buskar, furu- og grantre med julelys i terrenget.
Det er mykje fokus på den store julegrana i Uskedalen. På plenen ved Gamleskulen er eit noko mindre grantre, også med lys. Julehus er det fleire av, slik som på Neset, Eik og i sentrum. Det som er nytt, er at det dukkar opp mindre buskar, gran- og furutre i terrenget med påmontert lys. På turvegen over Skårhaug finn vi eit av dei.

Nytt for mange er det vesle juletreet med lys i fyrste svingen i Eikevegen. Grunneigar er Bjørgulv Eik. Det er lite, men eit markert blikkfang på vegen opp til Eik og fram til Steinsletto.
Har du tilsvarande julemotiv som dekorasjon ute, send til uskedalen.no@gmail.com
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal