Oppløftande og flott skulemusikk-konsert!
Svært dyktige musikarar!
Sjølv om det er få musikarar i Uskedal Skulemusikk for tida, imponerte dei onsdag ettermiddag med ein flott julekonsert i Helgheim. Der fekk publikum oppleva aspirantar i samspel med dei meir erfarne musikarane, og aspirantane i eiga avdeling. Dei meir erfarne musikarane hadde også si avdeling, og i tillegg fekk vi nokre nydelege duettar og solonummer. Alt framført på ein framifrå måte. Det er tydeleg at aspirantlærar og dirigent for skulemusikken, Nick Hughes, er ein god lærar og rettleiar for dei unge!


Etter at leiaren i Uskedal Skulemusikk, Monica Hermann, hadde ønskt eit større publikum enn forventa velkomne, overlet ho podiet til Nick Hughes og “storkorpset”. Saman gav dei konserten ein god start i dei to nummera “Rock” og “Snop”.
Etter det fekk aspirantane Vebjørn, Ayesha og Kundai spela på eiga hand i 4 nummer, Latin Sun, At Work, Go Down og Jingle Bells. Dette gjorde dei kjempeflott! For den eine var det første opptreden, og dei to andre har hatt flott framgang etter at dei debuterte på konsert i vår.

Etter aspirantavdelinga var det klart for solistane. Der fekk vi først oppleva noko så sjeldant som duett for kornett og tuba då Ola og Anna Hermann Fossli slo an tonen. Vi fekk høyra ei framifrå framføring av Snømannen Kalle. Anna var den store solisten for dagen då ho var involvert i to nummer til, først ei ein nydeleg tostemt kornettduett i “Mitt hjarte alltid vanker” saman med storesøster Ebba. Deretter avslutta ho den herlege solistavdelinga solo i “Walking in the Air” frå filmen Snowman til innspelt komp av pianolæraren hennar Yuko Shuto. Det var ei verkeleg flott solistavdeling der dei unge musikarane viste særs høgt nivå.

Og meir skulle det bli då korpset avslutta med tre nummer: Jingle Bells, Away in a Manger og We wish you a Merry Christmas. Strålande gjennomført. God ballanse og alle stemmer kom til sin rett. Kort sagt: Nyydeleg. Dette viser at at det treng ikkje vera mange blåsarar for å laga vakker musikk i samspel. Her var det ein musikar på kvar stemme, og for å dekka alle stemmene hoppa kornettist Ebba over på althorn medan dirigent Nick tok seg av den eine kornettstemma. Dei andre som var med, var Theodor Børretzen(trombone), Ylva Helgesen (baryton), Ola Hermann Fossli (tuba) og Anna Hermann Fossli (kornett). Saman utgjorde dei ein super sekstett som var ein vakker finale på ein flott julekonsert.


Elles overrekte Monica Hermann velfortente blomar frå skulemusikken til dirigent Nick Hughes. Det var sett fram kaffi, saft, kjeks og clementiner som publikum kunne kosa seg med. Blant publikum var det gledeleg mange unge, og håpet er at desse vil ta del i denne flotte hobbyen i framtida.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Kristian Helgesen og Thor Inge Døssland