Bruk av Helgheim til kyrkja sin julekonsert la ingen dempar på gjennomføringa. Med eit variert og innhaldsrikt program gjekk konserten unna på vel 90 minuttar. Leif Inge Heimvik avslutta med å lesa juleevangeliet som ein monolog utan manus. Han song også I ei natt med tekst og melodi av Bjørn Eidsvåg.

Singing Tweens med Reidar Algerøy på piano.

Julekonserten i Uskedalen skal syna breidda i song- og musikklivet i bygda. Difor er det mange innslag frå aktørar frå ulike aldersgrupper. Ein bolk kalla Unge lovande hadde med innslag av Anna Hermann-Fossli på piano og songarar frå Singing Tweens, leia av Nelly Kjærland og Reidar Algerøy.

Uskedal Musikklag med eit solid repetoar opna og avslutta konserten. Mange merka seg solisten Ebba Hermann-Fossli i framføringa av My Dream på flygelhorn. Det var mektig og flott å høyra på. ( Sjå bilete på topp )

Anna Hermann-Fossli på piano.

Kvartetten ÆRE song i to avdelingar, alt henta frå kjende og kanskje mindre kjende julesongar. Musikalsk leiar er Eva Megyesi. Ho framførte også solo på piano Tre nøtter til Askepott.

Rustne Menn med Hans Gertz solo på munnspel framførte mellom anna Trygve Hoff sin Nordnorsk julesame.

ÆRE syng kjende og litt mindre julesalmar.

Soknerådet er nøgd med frammøte og gjennomføringa av konserten. Ei særleg takk til Svein Rimestad for programskriving og Tor Bjelland for god lyd.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Jon Harald Kjærland/Kristian Bringedal
Leif Inge Heimvik las Juleevangeliet og song solo I en natt ( Arkivfoto 2024 )