Den store stjerna under Englafjell skin i år også. Nylaga med ei høgde på 3.5 meter.
Den store stjerna under Englafjell er montert i dag, i enden og på snuplassen på skogsvegen på Døssland/Feet. Alt i kveld vil vi kunna sjå ljoset frå den nylaga stjerna med ei høgde på 3,5 meter. Kurt Haugland er mannen bak verket. Med seg har han barnebarnet Eirk Haugland Langeland.
Stjerna er montert på ein stolpe som er tenkt brukt til ein framtidig gapahuk. Heile 80 stk LED pærer er montert. Straumkjelda er eit batteri på 24v, 16 AH. Dette fortel oss at Kurt og Eirik må byta batteriet etter nokre dagars bruk.
Uskedalen.no spør: Kven vil prøva seg på eit godt zooma bilete av stjerna i myrke ? Kanskje alt i kveld ? Send til uskedalen.no@gmail.com
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Privat