Det aula med folk med og utan hovudlykt. Nokre hadde med vanleg lykt. Med Børsdalsnissen i front med fjøslykt gjekk alle i lang rekke frå Grano til toppen av Skårhaug der det var stopp for å leggja teikningar, juleynskje og brev til Nissekassen. Nøyakig kl. 17.15 vart straumen sett på den nye ljosrekkja, 100 meter lang rundt toppen.

Lang rekke over Skårhaug. Ljoslekkjene er tende.
Uventa og gledeleg med eit pynta juletre langs traseen.

PÅ turen ned til Stemneplassen ljoma juletonane frå Uskedal Musikklag. Styret i Uskedal Friluftslag sytte for gløgg og kakemenn til alle. To bålpanner på plassen skapte julestemning.

Friluftslaget takkar alle god god støtte.

  • Takk til Siren Simonnes for uttak av straum
  • Takk til Dugnadsgruppa for montering av ljoslekkjene
  • Takk til Musikklaget som alltid stiller opp med flott musikk
  • Takk til SPAR for sponsing av gløgg og kakemenn
  • Takk til Børsdalsnissen som kjem den lange vegen frå inst inne i Børsdalen for å vera med på Lysmarsj over Skårhaug
  • Takk til Uskedal Utvikling for hjelp med innkjøp av ljoslekkjene.
Kioskdamene Åse og Jofrid serverer julegløgg og kakemenn.
Uskedal Musikklag i nisseluene dei fekk i fjor.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Anita Enæs/Bente Elin Nævdal