Julemøte i Uskedal Historielag samla mellom 30 og 40 medlemer. Tema var Idrettsminne i 100 år. Harald Sunde, Gunvor Myklebust og Pål Haugland delte minne frå ulike aktivitetar i Idrettslaget. Ein annan sentral ressursperson, Kåre Guddal, måtte melda forfall. Difor vil ein koma tilbake til mykje av det Kåre er kjend for, mellom anna Uskedalsdagane, Bingo på Fjordhotellet og fotballen. Thor Inge Døssland leia samtalen med desse tre.

Ei takksam Anita Lie minnest tida som skitrenar i Uskedalen.
  • Gunvor Myklebust kom til Uskedalen tidleg på 1960 talet. Ho gjekk tidleg inn i turngruppa som på det meste engajerte 125 aktive personar i ulike aldergrupper. Gunvor var også sentral i arbeidet med idrettslaget si fane, teikna av Thor H. Myklebust, brodert av Jenny Grønstøl ( gratis ).
  • Pål Haugland har solid kunnskap om arbeidet i idrettslaget dei siste 50 åra. Mellom anna om banen på Heio, fotball og ski. Pål er oppteken av ungdomen og framtida til idretten. Ein må yta for å oppnå resultat.
  • Harald Sunde har særleg jobba administrativt og frivillig. Då han kom heim til Uskedalen etter nokre år i Bergen, gjekk han inn i arbeidet på ulike felt. Han har vore med på tre utbyggingar på Heio, likeins skitraseen i Friheim med to bruer over elva. Harald var også aktiv i arbeidet med kjøp av areal og utbygging av banen i sentrum.
Mange rundt bordet har vore innom Idrettslaget ein eller annan gong.

Mange hadde ordet i salen. Tormod Myklebust hadde gode minne frå aktivitetane i idrettslaget. Ikkje minst frå fotballen ved Slaktehuset og i tunet på Sanden. Anita Lie takka for tida som skitrenar, ei særleg takk til positive foreldre og god støtte i bygdemiljøet. Ståle Eik saman med Ivar B. Arnesen minnest tida som aktive spydkastarar. Rita Ramandou hugsa fotballkampane, om alle som la turen til Heio.

Audun og Thor Inge tok fram namnet Åge Magne Nerhus, rask løpar som visst nok har Korlevoll rekorden enno i 100, 200 og 400 meter. Ein anna løpar er Lars Magne Haugland og ikkje minst Edvin Kjærland. Fotballspelarane på Sanden, Geir og Rune, må ikkje gløymast. Åshild Sjøwall fekk ros for eit sytematisk arbeid med resultatlister noko som kjem godt med i arbeidet med lagsarkivet.

Ikkje noko å sei på frammøte til Julemøte i Uskedal Historielag.

Thor Inge Døssland, som sjølv var aktiv i idrettslaget og no i Historielaget sitt skriftstyre, nemnde Torfinn Myklebust som ein unik interessert person i idrett. Han var over alt og hadde eit grep om det meste. Thor Inge synte også filmklypp frå 8 mm smalfilm frå fotballkamp på Heio og frå Strandstafetten. Fotografen: Torvald Sunde.

Mykje meir kunne vore teke med her. Sjå fram til artiklane som kjem i to neste årbøkene.

Takk til Gunnlaug Eik og Vivik Rimestad for god servering. Kristian og Svein hadde tonefylgje til allsongen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal