Velkomne til julemøte i Kvinnherad Senioruniversitet, Rosendal samfunnshus, komande torsdag, 4. desember kl. 11.00. Sivilagronom og saueeigar Hilde Buer vil snakka om å forstå sauen. Ho spør: Kan ein snakka med ein sau ? Kva er det i hovudet på sauen ? Tenkjer han ?


Sauen har vore vår trufaste tenar i over 11.000 år og har eineståande sosiale evner. Han er gløgg og læreviljug og vil gjerne samhandla med deg om du berre gjev rom til det. Hilde Buer har vore sauebonde i 45 år. Ho er forfattar av Villsauboka og kjem neste år med ei ny bok om «sauekviskring». Om korleis vi kan forstå sauene betre og såleis gje dei betre kår.


Me veit at bak desse 45 åra med utegangarsau ligg det eit hav av erfaring, og me veit at presentasjonen vil gje oss eit bilete av sauen som tek med mykje nytt i høve til det me har fått veta gjennom villsauboka. Erfaring og entusiasme er eit inntrykk me vil sitja att med etter at Hilde har drege oss gjennom eit interessant emne.

Tema må vera av stor intereese for alle, ikkje berre dei som driv med sau. Medlemer i Kvinnherad Sau og Geit må finna vegen til Rosendal torsdag i denne veka.

Som vanleg vert det matøkt og sosialt samvere. Sidan det er julemøte, er det litt ekstra på bordet. Inngang: kr. 200/100 for medlemer. Høve til å skriva seg som medlem for 2026. Årspengar: kr. 300,-. Betal til: 3460.13.31545 eller VIPPS 12834. Hugs at du skriv namnet ditt.

Velkomne til sauedrøs.

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal