Lyden som bergar liv - Hugs Røykvarslardagen i morgon, 1. desember.
Alle bør merka seg 1. desember. Då er det Røykvarslar-dagen, og tid for å testa røykvarslarane og bytta batteri ved behov. Dette er ei viktig påminning om å ta brannsikkerheita på alvor når vi går inn i den tida på året då det til vanleg brenn mest.
Slik sjekker du på 1-2-3:
Sjekk kvar enkelt varslar med testknappen. Dersom den ikkje fungerer, må du bytta batteri eller kjøpa ein ny røykvarslar
Sjekk om lyden frå røykvarslaren kan høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når dørene mellom romma er lukka
Sjekk at du har minst éin røykvarslar i kvar etasje. Har du fleire røykvarslarar, bør dei vere seriekopla
Du bør bruka seriekopla røykvarslarar, slik at alle varslarane piper samtidig ved brann. Dette er spesielt viktig dersom bustaden din har fleire etasjar. Det kan gi deg og familien din verdifull tid til å koma dykk i tryggleik.
Røykvarslarar bør testast ein gong per månad og kvar gong du har vore bortreist over lengre tid. Det er også ein fordel å støvsuga dei jamleg – det gir betre haldbarheit.
Tekst: Redigert frå pressemelding - Kvinnherad kommune Foto/nett: Kristian Bringedal