Julegrana lyser for 63. gong.
Det er like vakkert og imponerande kvar gong. Julegrana i Uskedalen skin. Det er eit landemerke anten om du kjem innante eller utante. Uskedal Musiklag har i 63 år hatt jobben med å få lyslekkjene på plass. Historikkem kan du få med deg om du klikkar deg inn på Uskedal Historielag på Facebook. Bjørgulv Eik har vore med alle desse åra. Han fortel i samtale med Thor Inge Døssland korleis det heile tok til og korleis det vert halde liv i ein viktig tradisjon. Meir om programmet og julemarknaden kjem i eige innlegg i morgon.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Marianne Pile