Astrid S kjem på Festidalen 2026.
Ei av Skandinavias største popstjerner kjem til Festidalen. Astrid S svevar høgt både nasjonalt og internasjonalt. Og peprar verda med popsnadder. Over 5 milliardar streams, nyleg utseld Oslo Spektrum, og gåvesekken proppa med allereie eviggjorte hitar. Og ei stove full av prestisjefulle prisar som til dømes MTV Awards og Spellemann.
Astrid S skriv og produserer sine eigne låtar, og regisserer sine eigne musikkvideoar. I desse juletider er ho igjen høgaktuell med hovudrolla i storfilmen «Tre nøtter til Askepott». Noko som understrekar breidda i hennar kunstnartalent. Og i sommar får du sjå Astrid i sitt S når ho spelar ut heile sitt register under Festidalen.
Kommentar frå Daidalos:
- Ho har svart belte i meloditeft, og syng så fint at sjølv våre dyktigaste
songfuglar trekk sørover i rein sjalusi. - Sjarmtrollet frå Rennebu har dominert norske scenar, radiokanalar, tv-kanalar og spelelister i eit drygt tiår. Det er svært sterkt av ein artist som framleis er i 20åra! Men samstundes er det lett å forstå. For alt ho tar i vert til leiken og positiv pop.
- Låtspennet strekker seg frå kvilepulskos til pulserande partypop.
- Med Kjartan Lauritzen og Astrid S på plass er me sabla godt i gong. Og meir kjem. Me slepp nye artistar jamt og trutt gjennom adventstida. Me har to folkelege artistar til, rock, nokre up and coming artistar, jenter og gutar, og ser at me kjem til å få eit svært festleg år på Dønhaug. Følg med.

Tekst/foto: Pressemelding Nett: Kristian Bringedal