Takk til Dugnadsgruppa for det flotte arbeidet dei gjer for bygda.
Uskedal Utvikling inviterte Dugnadsgruppa på julelunsj i dag, torsdag 27. november. Dugnadsgruppa gjer ein fantastisk jobb for veldig mange i bygda. Og det står stor respekt for stå-på-vilje og gjennomføringsevne som denne gjengen har. I gruppa finn vi mange kloke hovud og mykje kunnskap. Gjengen har lagt ned mykje godt arbeid i år også på fleire objekt i bygda. Det er nok å nemna:
- Bygdetunet Rød – nytt slåk på kverna
- Aktivitetshuset
- Gamleskulen
- Transport av bord og benker
- Stemneplassen – både ute og inne i møterommet
- Rydda stiar i fjellet – laga glopper
- Rydda og planert areal i stranda – Stølavikjo
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Gunn Mari Moberg