Julelunsj med verdas beste smakar.
At jula nærmar seg, merkast også på Vaksenopplæringa, skulen på Husnes der innvandrarar til landet vårt lærer m.a. norsk, samfunnsfag, grunnskulefag og mykje anna. Skulen har uskedelingar i elevflokken, og i den dugande lærarataben er Haldis Aakra og Cathrine Haugland. Dei har kjekke arrangement i førjulstida. Gjennom desse blir elevane kjende med gode norske tradisjonar i advents- og juletida.

Mandag var underteikna så heldig at han var invitert då elevrådet stelte i stand ein formidabel julelunsj. Alle hadde bidrege til det overveldande matbordet som bugna av rettar frå mange land. Kenya, Vietnam, Ukraina, Afghanistan, Kasakhstan, Noreg, Filippinene, Brasil, Kongo, Syria, Eritrea, Thailand…………….ja, fleire med. Her var salt og søtt, spennande og veldig velsmakande. Å få vera med på eit slikt matgilde med rettar frå rundt 20 ulike land må opplevast, det kan umogeleg beskrivast med ord. Det er og veldig fint å oppleva gleda og stoltheten som elevane utstrålar når dei presenterer mat frå sitt eige heimland. På bordet var det også norsk mat som lærarane hadde bidrege med, og i tillegg hadde nokre elevar laga julebakst i undervisninga på skulen.


Eg er svært takksam for å få ta del i den gode stemninga rundt all den nydelege maten. Tankar som kjem er at eg er ein heldig pensjonist som får vera med på dette, og tenk at eg har hatt gleda av å ha hatt elevar frå rundt 60 land dei siste 15-20 åra. Det har vore interessant og gjevande det!! Ei stor glede!!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland