Nybygg reiser seg i Halsabrotet. Overlevering 1. mai 2026.
Det er fart på det med bygging i nedre del av Halsabrotet. Tungesvik Bygg har oppdraget med bygging av ein tomanns bustad som skal vera ferdig for innflytting 1. mai 2026. Dessutan har dei avtale med eigar av feltet, ACCO AS v/ Ivar Gundersen, om bygging på to ledige tomter bak hovudhuset i bustadfeltet.

Torgeir Tungesvik fortel i samtale med uskedalen.no at Tungesvik Bygg har ein tre årig avtale med byggherren ACCO AS. Avtallen gjeld ut 2027. Han har tru på prosjektet. Alt medan uskedalen.no var på plassen kom det ein kunde som ville sjå plassen og bygget. Dersom interessa og salet stoppar opp, kan det vera at avtalen går ut.
PLassen ligg sentralt til med gangavstand til mellom anna skule, barnehage, butikkar, kyrkje, badestrand, aktivitetshus og grøntgrasbane med aktivitetspark.

Prisen som ligg på finn.no er litt i overkant av 3 millionar kroner. Omkostnader kjem i tillegg. Interesserte kan ta kontakt med Tungesvik Bygg v/ Torgeir Tungesvik. E-post: torgeir@tungesvik-bygg.no
uskedalen.no gjer merksam på at bileta ikkje er oppdaterte. Framdrifta er komen langt lengre i dag.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal Illustrasjon: Henta frå prospektet