Kvinnherad Vekstbedrift har verkeleg lukkast med palleproduksjonen i Uskedalen. Kvar veke vert det levert 330 paller til Vikingfjord på Sunde. I tillegg kjem leveranse til Hjønnevåg. Paller frå Kvinnherad Vekst er godkjend av Mattilsynet til bruk i fiskeindustrien. Omsetnaden er på 1 million kroner i året.

Pallemateriale vert innført frå Sverige. Bilete syner avlessing i Beinavikjo.

Å produsera paller er godt eigna og tilpassa jobb for dei som har arbeidet sitt på Kvinnhead Vekst. Nokre kappar i rette lengder. Andre har opplæring og brukar spikerpistol ved montering. Ein fast mal med rette mål vert brukt for å letta arbeidet.

Innan kort tid vert all palleproduksjon lokalisert på ein plass. Deler av det som er Byggeriet i Beinavikjo vert bygd om. Med oppvarma lokale vil alt fungera mykje betre og produksjonen vert meir effektiv. Målarbutikken på hemsm vert fornya og flytta ned på grunnplanet. Heile arealet i 2. høgda vert brukt til å spikra og montera paller.

Tekst/foto/net: Kristian Bringedal