Uskedelingane sel godt på Jul i Rosendal.
Jul i Rosendal kan syna til rekorddeltaking i år med over 40 utstillarar. Seks av dei kjem frå Uskedalen eller har relasjon til bygda. Då uskedalen.no var innom julemessa, var det stort frammøte og kø framfor mange av salsbodene. Uskedelingane sel godt.

- Kjellaug Hella Myklebust sel hardingkaker. Alt kl. 14 var det meste seld. Resten av det som er baka, vil ho ha til julemarknaden i Uskedalen komande fredag.
- Eik Gard gjer det alltid godt. Dei har eit godt varemerke med produkta sine, mellom annan av saft, syltetøy og honning. Eik Gard vil alt i dag, sundag, vera på plass i Ølen på ei tilsvarande julemesse
- Hjønnevåg sel godt. Dei har ei god plassering ved inngangen frå nord. Mange sikrar seg lutefisk og andre fiskeprodukt til ein god pris.
- Friheim Gardsmat: Her er alle mann i arbeid. Det er kø for å koma fram til disken.
- Kristine Heimvik med produkt laga av alpakkaull går unna. I år hadde Kristine god hjelp av mor si, Reidun.
- Kjell Musland med utskorne trefigurar er populært. Mange kjem fram til standen og spør: Har du ein figur som liknar på meg ? Kjell er kjapp og fram noko som kjenneteiknar kunden.


Jul i Rosendal er plassen for småskalaprodusentar. Her kan ein syna fram og selja produkta sine. Neste er julemarknad i Uskedalen i samband med julegrantenninga komande fredag frå kl. 16.00.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal