Open mikrofon og engleverkstad i kyrkja fredag 28. nov. frå kl. 17.30.
Det er knapt ei veke til Julegrantenning i Uskedalen, fredag 28. november. I kyrkja er det Open mikrofon og Engleverkstad frå kl 17.30. Dette er ein aktivitet i samband med Julegrantenninga kl 17. Det er Singing Tweens som har ansvar for aktiviteten i kyrkja.

Open mikrofon:
Velkomen til å delta på open mikrofon. Aldergrense er frå 2. klassetrinn og oppover. (Vi har ingen øvre aldersgrense.) Frist til å melda seg på er no på måndag 24. november. (Grunnen for tidleg påmelding er at songane og musikkstykka skal godkjennast) Påmelding til Nelly Kjærland telefon 95082320.
Engleverkstad:
Velkomen til alle som har lyst å vera med på engleverkstad. Kom og gjer noko saman med barnet ditt eller saman med nokon andre. Vi høyrer på fin song og musikk frå Singing Tweens og fleire. Vi held på å laga posar med tilbehør til ein engel. Så instruerer vi trinn for trinn, korleis vi lagar engelen. Vi har god hjelp av Hobbykvelds gruppa og nokre andre. Det møtte 75 stk sist vi hadde Engleverkstad i kyrkja. Det var for 3 år sidan. No har vi laga over 40 posar. Dette er gratis.
Velkomen til ei kjekk stund i kyrkja.
Tekst/foto: Nelly Kjærland Nett: Kristian Bringedal