Jul i Rosendal med standar frå Uskedalen, i morgon, laurdag 22. november frå kl. 10.00.
Jul i Rosendal samlar til vanleg mykje folk. Bortsett frå to år med Covid då ein fann ei anna løysing, har den årlege julemessa vore eit fast innslag i 15 år. Nokre av dei over 40 utstillarane i år kjem frå Uskedalen. Fleire av dei har vore med mange gonger. Av desse finn vi mellom anna Hjønnevåg, Eik Gard, Friheim Gardsmat, Kjell Musland, Inger Naterstad, Kristine Heimvik og Kjellaug Hella Myklebust.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto - 2024