30 frivillige fordelt på 8 grupper, eige band og drift heile året. Ja, det er Kafe Tiaren i Uskedalen, drifta av Uskedal Utvikling. I går kveld var alle involverte inviterte til festleg samver i Gamleskulen med snittar, marsipankake, kaffi og program. Rustne Menn spelte taffel og julesongar. Hans Gertz las juleforteljinga Edelgran frå boka si Minner fra et langt liv. Styreleiar Gunn Mari Moberg takka alle for innsatsen med blomehelsing. Maten var levert av Kvinnherad Vekstbedrift.

Kafebandet Rustne Menn.

I helsinga si la Gunn Mari vekt på kor viktig det er med frivillig arbeid i ei bygd. Ho orienterte om arbeidet vidare med opprustning av Gamleskulen. Ei gåve frå Kvinnheradstiftinga vil gjera sitt til at ein kan starta arbeidet med isolering og skifte av vindaugo og bordkledning på langveggen mot parkeringsplassen.

Takk for innsatsen.

Det har vore ein forsiktig start på Kjellarkveldar. Meir kan koma. Fredag om vel ei veke er det Julegrantenning og julemarknad. Rustne Menn er kafeband og stiller med allsong ein gong i månaden. Om ikkje det høver for dei, stiller Musikklaget opp med sitt allsongprogram, som oftast ein gong i halvåret.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kristian Bringedal/Gunnlaug Eik