Bedriftsbesøk hos Hjønnevåg
Torsdag i førre veke var 7.klasse på Uskedalen skule så heldige å få lov til å kome på besøk til Brødrene Hjønnevåg.

7. klasse har mat og helse kvar torsdag og i den forbindelse var det naturleg for oss å besøke ei lokal bedrift . Marit Hjønnevåg tok imot oss saman med Askil Hauge. Vi kledde oss om og fekk på både kvitt frakk, hodeplagg og “svenske” sokkar. Askil viste oss rundt og vi fekk sjå mykje spennande. Tenk å få sjå korleis verdas beste fiskekaker vart laga! Vi var alle enige om at det hadde vore stort svinn om vi hadde jobba der.
Når vi var ferdige med omvisninga hadde Marit laga lunsj til oss. Pitabrød med store fiskekaker og godt tilbehør, i tillegg til at vi fekk smake på Aure, røykt peppermakrell og fiskepudding. Det var imponerande å sjå kor godt elevane likte både aure, som forøvrig smelta på tunga, og peppermakrellen. Ekstra kjekt var det å få eit innblikk i historia om korleis Brødrene Hjønnevåg vart til. Tenkt at fiskekakene som dei laga i 1948 når dei starta opp, har heilt den same oppskrifta som fiskekakene dei laga i dag.
Vi var alle einig i at vi hadde hatt ein veldig kjekk tur til Brødrene Hjønnevåg, og at vi er stolt over å bu i bygda som lagar verdas beste fiskemat. No gler vi oss til desember, når vi skal laga lutefisk som sjølvsagt er produsert hos Hjønnevåg.
Tusen takk til Marit og gjengen som tok oss godt i mot!

Tekst og foto: Anja Njøten Leite Nett: Odd Steinar Arnesen