Laurdag mellom klokka 11 og 14 er Jofrid Eik og Åse Neset frå Uskedal Friluftslag på plass utanfor Spar og sel lodd i vedlotteriet. Det er dei same 3 gode og varmande gevinstane som i tidlegare vedlotteri: 15, 10 og 5 sekker med god ved. I tillegg til god varme frå gevinstane i den tilstundande vinteren, gjev lotteriet god innkomme i friluftslagskassen. Den blir brukt til drift av laget som har gjort særs mykje godt arbeid dei siste åra. Nyleg er det komme lys på den nye asfalterte parkeringsplassen. Gjerde er og komme på plass til liks med autovern ved vegen opp til plassen. Akkurat no er arbeid på lagerrommet godt i gong. Det vil bli svært godt for nokre av leigetakarane. Møterommet er svært mykje nytta etter at det vart restaurert, og turvegen til Skårhaug-toppen blir dagleg nytta av mange. Det er tydeleg at friluftslaget nyttar midlane sine til beste for bygdefolket.
Lodd kan og kjøpast på nett. Det er berre å vippsa til 60 55 65 (Uskedal Friluftslag) og merka det med lodd i meldingsfeltet, så skriv Jofrid rett antal lodd inn i loddboka. Kvart lodd kostar 100 kr og gjev gode vinnarsjansar.
Lotteriet blir trekt under lysmarsjen til Skårhaugtoppen torsdag 4.12.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland