Den tradisjonsrike adventskalenderen til skulemusikken er no i sal. Salet av kalendrar i år skjer hos Gro’s Blomster- det vil ikkje koma musikantar på dørene. Det er også mogeleg å sikre seg ein kalender ved å kontakta Kristian Helgesen, telefon 991 69 403 eller Monica Hermann, telefon 906 35 493.

Vi har ei lange liste med flotte premiar kvar dag i adventstida. Dette er mogeleg fordi me har så mange gode støttespelarar og me er svært takksame for kvar einaste bedrift og privatperson som har støtta oss med gevinstar. Tusen takk! Ein hjarteleg takk går også til Gro’s Blomster som hjelper oss med salet, Kvinnherad Vekstbedrift som har trykka kalenderen og til alle som støttar oss ved å kjøpe kalender.

Prisen er den same som den har vært tidlegare år; 100 kr pr kalender.

Siste salsdag er laurdag 29.11, men du treng ikkje vente til det. Løp og kjøp!

Tekst/foto: Monica Hermann
Nett: Marianne Korsvold