Uskedal Historielag held fram med Julemøte. I fjor var tema Sjømannsminne med Liv og Jan Henrik Hansen. Det vart ei gild stund. No legg Historielaget opp til nytt møte med tema: Minne frå arbeidet i Uskedal Idrettslag dei siste 50 – 60 åra. Det vert samtale med fire sentrale personar i idrettslaget. Det er Gunvor Myklebust, Pål Haugland, Kåre Guddal og Harald Sunde. Uskedal Idrettslag skipa i 1927, kan sjå fram til 100 års høgtid om to år.

Alle fire har lagt ned ein stor innsats for laget. I ein samtale vil ein henta fram minne frå tida deira i idrettslaget. Ved å mimra vil ein prøva å skapa eit bilde av aktiviteten og drifta i laget. Vi kjem innom aktiviteten i dei ulike gruppene med reiser, høgdepunkt for kvar enkelt, store dugnadsprosjekt på annleggsida (banar, skianlegg, Aktivitetshus mm), sjølvsagt Uskedalsdagane og andre viktige økonomiske tiltak.

Folkelivet på stemne, kampar og arrangement vert teke fram. I samtale med Thor Inge Døssland vil ein også prøva å få fram kva idrettslaget har betydd både for dei, for bygda og bygdefolket.

I fjor var samlinga på Stemneplassen. No treng ein meir plass. Difor eg Gamleskulen tinga, måndag 1. desember kl. 18.00. Medlemer med e-post vil motta personleg invitasjon,

Andre innslag:

  • Filmsnutt: 8 mm film digitalisert
  • Info om 2026 med årbok og arkivarbeid.
  • Song og musikk v/ Svein og Kristian

Servering av julebrødskive, pepperkaker, jukebrus og kaffi.

Gratis

Hugs påmelding innan fredag 28. november til Ståle Eik på E-post: uhl.kasse@gmail.com eller telefon 975 02 565

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto