Mona Vetrhus med Nattklubben på festivalen Falturiltu på Stord.
Mona Vetrhus frå Uskedalen var ein del av årets program på den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu på Stord. Ho var invitert til det som vert rekna som den største barnebokfestivalen i landet og som har vore skipa til årleg sidan 2007.
Mona Vetrhus fortel til uskedalen.no at det var stort å bli invitert med Nattklubben til festivalen Falturiltu. Ho hadde tre framsyningar – éi for tre klassar på 1. trinn, og to for ivrige barnehagegjengar. Mona las, prata og dansa, og til slutt blei alle ungane ekte hattedansarar. Det var kjempegøy med mykje glede og flotte hallingspark.
Fakturiltu er ein formidligsarena for nynorsk barne- og ungdomsliiteratur. Det er ei veke med nyskapande presentasjonar. Barn og ungdom er aktive deltakarar.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Pressefoto