Kvinnhersminne - ei viktig kjelde til lokalhistorisk arbeid.
Trond Bogsnes takka Kvinnherad Sogelag og skriftstyret for arbeidet dei gjer med innsamling, dokumentasjon og formidling av kulturminne. Kvinnhersminne i 22 år har vore og er ei viktig kjelde for vidare arbeid med lokal soge. Sjølv har han brukt Kvinnhersminne i alle år som inspirasjon og for å finna meir ut om lokale hendingar i kommunen. Sjå bilete på topp.
Tidlegare journalist og mediamann Trond Bogsnes hadde hovudinnlegget på boksleppet i Helgheim i går kveld. Han fortalde levande om arbeidet med boka Ferdig Fremkalt som handlar om familien Bogsnes, mor og far og 9 born, om lokale hendingar i tida 1893 til 1965. Boka handlar også om nasjonale og internasjonale hendingar, ikkje minst om bakgrunnen og framveksten av storindustrien SØRAL på Husnes.
Bogsnes fortel om kritisk kjeldebruk, om bruk av bygdebøker og sogeskrift for å få fram særpreg og eigenskapar til personane i boka. Lokale kjelder er viktig for fargelgging og det å skapa ei levande forteljing.

Fungerande redaktør, Eva Røyrane, presenterte årets årbok, mellom med å lesa frå Frode Sæbø sin artikkel om å få vera med på brislingfiske som liten gut. Torkel Stensletten skriv om utvandring frå Kvinnherad, Tone Birkeland om det nedlagde Ølve mållag, Vidar Ask om Låte som er ein husmannsplass under Lagmannsteigen.
Steinar Kroka fortel i samtale med Audun Eik om det å veksa opp på ein veglaus gard i Mauranger. Andre tema er: Sanddrift i Rosendal, Baronsvegen, Krigen og om Tor Tveit som ein god og levande forteljar.
Lars Jostein Rørvik har vore redaktør for dei siste seks årbøkene. Han har varsla sin avgang, men på møte vart det informert om at han held fram til årbok nr. 23 er i boks om to år.
Formgjeving er gjort av Åslaug Snilstveit i Salikat. Trykk: LOS Digital.
Kvinnhersminne nr. 22 kan kjøpast i bokhandelen i Rosendal og på Husnes. Medlemer får boka gratis.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal