Kvinnherad Sogelag inviterer til bokslepp i Helgheim i morgon, torsdag 6. nov. kl. 18 i Helgheim.
Det går “slag i slag” med bokslepp. I morgon, torsdag, er det Kvinnherad Sogelag sin tur med presentasjon av Kvinnhersminne, band nr. 22 i ein serie årbøker. Trond Bogsnes vil snakka om Kvinnhersminne som kjeldetilfang. Uskedal Musikklag vert med og framfører kjende og friske melodiar,

Trond Bogsnes har vore journalist og hatt ei rekkje oppgåver knytt til media og kultur. Nyleg kom han ut med boka Ferdig fremkalt. Boka skildrar ei tid i endring i Kvinnherad og på Vestlandet. Eit foto frå 1893 med familien Bogsnes på Husnes er utgangspunkt for ei variert og levande forteljing, mellom anna frå eit tradisjonelt landbruk til etableringa av SØRAL på Husnes.
Kvinnhersminne nr. 22 har Utvandring som hovudtema. Torkel Stensletten frå Uskedalen har skrive artikkeln Nokre særmerke i utvandringa frå Kvinnherad. Ein annan artikkel handlar om det å veksa opp på ein veglaus gard i Mauranger, av Steinar Kroka i samtale med Audun Eik.
Det dukkar stadig opp nytt stoff frå krigsåra. Frode Sæbø skriv minne frå brislingfiske med Røysaskøyto. Tor Tveit, ei levande munnleg kjelde, er omtalt. Lars Børge Sæberg kriv om Gamlevegen og Baronsvegen.
Det er med andre ord mykje å sjå fram til om du kjem på sogelagsmøte i morgon.
Servering og gratis inngang.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Kvinnhersminne 22 / Trond Bogsnes - frå boka Ferdig fremkalt