Basar25

Bedehuset er ein av stadane der ein fremdeles kan oppleva god, gamaldags basar, med årer og loddbøker. Som alltid på basar, går enkelte ut dørane med berre ei litt tynn lommebok, medan andre har vunne meir enn dei klarar å bære. Uansett, alle fekk kjenne på vinnarlukke.

Sverre Hovda frå NLM har vore med oss heile helga, først på fameliesamling og fredagsklubb, så basar på laurdag og søndagsmøte i dag.

På basaren tala han rundt den kjente strofa som vert sunge på tribunane når våre idrettsheltar presterer bra: “Seieren er vår”. På samma måte som eit landslag vinn på vegne av ein heil nasjon, vant Jesus då han tok kampen for oss, og døde på korset og sigra over døden tredje dagen! Ein siger vi vinn utan å ha bidrege sjølve.

Det var godt oppmøte på basaren, og det vart seld mykje lodd. Bordet med gevinstar bugna som normalt, og her var mange godbitar. Vi vil retta ei stor takk til bedrifter som var med å sponsa gevinstar, det vert lagt merke til og verdsett. Ellers stor takk til alle som har bidrege med å gje gevinstar og kjøpa lodd, og ellers gjorde ettermiddagen til ein fest. Inntektene frå basaren dekkar godt dei løpande utgiftene med huset gjennom året.

Tekst/foto/nett: Asgeir Hjelmeland