I kveld fekk eit mest fullsett Aktivitetshus oppleva ein fullverdig korpskonsert. Vi må mest tilbake til 1990 talet då Uskedal Musikklag var aktiv som arrangør av slike konsertar. To timar med tre korps, variert musikk frå mange land og frå mange tidsperiodar. Det beste frå korpsmusikken er med og skapar stemning og musikkglede.

Uskedal Musikklag, vertsskap og arrangør.
B-gjengen frå Rosendal med dirigent Finn Opsahl.

Uskedal Musikklag, 90 år til neste år, opna konserten med River of Babylon. Deretter kom eit av høgdepunkta då Ebba Hermann Fossli ( bilete på topp ) stod fram som solist i My Dream av Peter Leitner. Vertskorpset kom godt frå oppgåva si. Noko har vi høyrt før, men to av fem nummer var nytt stoff. Støding musikalsk leiar er Knut Steinsletten.

Ikkje noko å sei på frammøte.

Neste korps ut var B-gjengen frå Rosendal. Dirigenten er Finn Opsahl. Mange merka seg den fine framføringa av Prøysen sin tekst Blåklokkevikua med melodi av Finn Ludt. Artig var det å høyra The Second Waltz, filmmusikk frå 1956, komponert av den russiske Dimitri Shostakovitch.

Etter kaff, kaker og heimebakst gjorde Herand Musikklag seg klar med framføring av sine seks nummer. Herand Musikklag, skipa i 1959, har om lag same besetning som Uskedalen. Det heile starta som eit vaksenkorps, seinare skulekorps og no tilbake slik det var i oppstarten. Dirigenten deira er den kjende Arild B. Nielsen, storbandmusikar og musikalsk leiar for Hardanger Big Band. Storbandet frå 1981 har med musikarar frå heile Ullensvang kommune i tillegg til medlemer frå Kvam og Bergen.

Herand Musikklag framførte mellom anna storbandmusikk.

Herand Musikklag framførte musikk frå ulke tidsperiodar på 1900 talet, alt frå Georgia on my Mind. Hey, Look Me Over frå musiklaen Wildcat til latinomusikk frå Cuba. Dirigenten var sjølv solist.

Arild B. Nielsen, dirigent og solist i Herand Musikklag.

Uskedalen.no gjer merksam på at referatet er eit utdrag. Mykje meir kunne vore skrive frå eit vellukka arrangement. Så må vi bera over med at ikkje alle fekk kjøpa årar. Ikkje problem. Ny sjanse kjem.

Konfransier i kveld var Thor Inge Døssland, tubaist i Uskedal Musikklag. Han bed oss særleg ta med ei takk til Baker Brun for sponsing av kanelbollar. Takk også til dei som hjelpte til med mat og servering, – Åse Neset, Jofrid Eik og Ingunn Olsen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal