Det kom noko uventa på mange då grupper av utkledde og sminka born kom på døra fredag kveld. Ikkje alle var førebudde på ” knask eller knep “, men borna tok det fint, var høfflege og lova å koma tilbake som julebukkar. Haloween er ei feiring lagt til Allehelgensafta 31. oktober. Kvelden før hadde det vore markering på skule.

Ein skal kle seg ut, aller helst sminka og i skumle kostyme, går i grupper frå dør til dør i nabolaget. Ringjer på og ropar ” knask eller knep “. Den som ikkje opnar eller vil gje knask, vert truga med knep. Knep er rampestrekar.

Haloween gruppene i går hadde forståing for at mange ikkje var førebudde på besøk og hadde lite i huset av godterier i gje.

Dersom du har gode bilete frå haloweenfeiringa, send til uskedalen.no@gmail.com

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal