200 bøker er gått ut frå lager. Utvandrarboka er i salg på SPAR og i bokhandelen.
Om lag 200 bøker av eit opplag på 400 eks. er gått ut frå lager så langt. Ikkje alle er selde. I talet finn vi også bøker til sponsorane og til dei som har tinga boka på førehand. I dag er boka “Med von om ei betre framtid” lagt ut på SPAR Uskedalen. Bokhandelen i Rosendal og på Husnes vil ha boka i butikken no før helga.

Historielaget er svært takksame for at leiinga og betjeninga på SPAR Uskedalen sel boka utan provisjon. Det er ei viktig teneste dei yter til laget. Boka kostar 450, – kroner og kan betalast med vipps 76 38 03 og merkast med Utvandrarbok og namn.
Medlemmer kan ikkje kjøpa bok til medlemspris på SPAR. Då må dei kontakta ein i styret/skriftstyret (93 28 82 37). Spar har framleis igjen “Den nære fortida” 2 og 3. Bøker er jo glimrande julegavetips.
Tekst/foto/nett: Thor Inge Døssland/ Kristian Bringedal