Korpstreff med to gjestekorps - Rosendal B og Herand Musikklag.
Uskedal Musikklag inviterer til korpstreff i Aktivitetshuset komande sundag kl. 17.00. To gjestekorps er på plass. Eit av dei er Herand Musikklag. Herand Musikklag øver kvar veke i Herand Kulturhus utanom feriane, og er med på ulike fellesarrangement i Herand og Jondal i løpet av året. Dirigenten deira er Arild B. Nilsen.
Herand legg opp til eit variert og spennande program, mellom anna Hanen ( norsk folketone ), E. Taube sin Flickan i Havanna og Georgia on my Mind. Bilete syner at musikklaget i Herand nyss har markert 65 års jubileum.
B – gjengen i Rosendal Musikklag og Uskedal Musikklag framfører kopsmusikk, lett og ledig, eit repetoar publikum vil lika.
Det er lagt inn drøs, kaffikos og åresalg.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Herand Musikklag