To tiltak i Uskedalen er tildelt midlar frå Sparebanken Norge.
På Sparebanken Norge si gåveutdeling i Dalheim tysdag i denne veka nådde to søknader frå Uskedalen opp med tildeling. Det er gåve til Uskedal Idrettslag og til Festidalen. Sparebanken Norge er ny bank etter fusjonen mellom Sparebanken Vest og Sparebanken Sør. Samla tildeing på 3,3 millionar kroner gjekk til 24 lag i Kvinnherad.
Frå Uskedalen fekk desse midlar:
- Uskedal Idrettslag: kr. 75 000,- til Parkour bane ( Sjå bilete )
- Festidalen: kr. 220 000,- til årets festival
Sparebanken Norge sine prosjektmildar vert tildelt to gonger i året. Målet med tildelinga er at tiltaka skal føra til fellesskap og inkludering, eit levande lokalsamfunn og utvikling av næringslivet.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Grenda - Gina Eriksen Albrethson