Blir du med på strikkekveld på fredag 31.10. kl 19-21 i Gamleskulen? Vi nærmar oss siste fredagen i oktober, og helselaget vil gjerne invitera til strikking – eller anna håndarbeid – eller ein fin kveld for prat og sosialt fellesskap, alt etter kva som passar best for deg.

Uskedal Helselag ordnar til med litt ost og kjeks, som vi spleisar på (kr 50,- pr person). Du tek sjølv med det du ønskjer å drikke. Kom og bli med, inviter gjerne nokon med deg om du vil.

Strikkefredagane, vi hadde sist haust og vinter, vart fine kveldar. Vi hadde hyggeleg prat og avslappande stikking.


Hjarteleg velkommen!

Tekst/bilete/nett: Elin Legland