Uskdal helselag støttar fråsegna til Rosendal Helselag om å halda fram med fast stlling som musikkperapeut i kommunen. Helselaga syner til forsking om musikkterpi og mental helse. Forskinga stadfestar at musikkterapi kan redusera symptom på angst og depresjon hos personer med demens. Ein gjennomgang av fleire studier indikerer at musikk, som er kjent for pasientane, kan bidra til å lindra depressive symptom og angst, og dermed forbetra personleg velvære. Frå fråsegna tek vi med:


4.september 2025 forplikta Kvinnherad kommune seg til å bli eit demensvenleg samfunn gjennom ein avtale med Nasjonalforeininga for folkehelse. Administrasjonen vil omdisponera midlane til ergo-
fysioterapitenesta. Her gløymer ein brukarar/bebuarar, i alle aldrar, som treng helsefremmande tiltak gjennom musikkterapi med fagperson.

Auka satsing på frivilligheit i kommunen er ei av årsakene til at
administrasjonen no innstiller på å ta bort stillinga som musikkterapeut i
Kvinnherad kommune. Ein musikkterapeut har utdanning og kompetanse. Frivillige kan vera eit supplement, men kan ikkje overta det faglege arbeidet.

Den store innsatsen, dei frivillige gjer, er verdifull, men må ikkje verta ei «kvilepute» for politikarane i kommunen. Vi vil at Kvinnherad kommune skal halda fast på tidlegare vedtak, og vidareføra stillinga som musikkterapeut i 100 % stilling.

Saka kjem opp i Kommunestyret komande torsdag.

Tekst: Redigert frå fråsegna
Foto: Arkiv foto
Nett: Kristian Bringedal