I helga kan vi sjå fram til korpstreff i Uskedalen. Det er ei stund sidan sist. No har du sjansen til å få høyra tre korps, Herand Musikklag, B-gjengen ( Rosendal ) og Uskedal Musikklag. Korpsa har kvar sine avdelingar og programmet syner at vi kan venta oss mange flotte innslag, alt frå marsjmusikk, Alf Prøysen viser til Rolf Løvland sin Danse mot vår.

Frå korpstreffet april 2024. Fellesnummer med dirigent Finn Opsahl.

Vertskorpset Uskedal Musikklag opnar det heile med fem nummer. Av desse finn vi My Dream med solist Emma Hermann Fossli på flugelhorn. Neste ut er B-gjengen i Rosendal musikklag.

Etter pause med kaffi, kaker og innlagt åresal er det Herand Musikklag sin tur. Arild B. Nilsen er dirigent. Finn Opsahl er dirigent for B-gjengen. Knut Steinsletten er musikalsk leiar for Uskedal Musikklag.

Meir om korpstreffet kjem seinare i veka.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkiv/ plakat