Det har vore travle dagar for song- og musikkgruppa Rustne Menn. Tre oppdrag på fire dagar. Ikkje verst i godt vaksen alder. Etter Bokslepp i Helgheim laurdag, var neste speling på LHL fest på Gry Helges. Så kom den vanlege allsongen på Husnestunet med Røde Kors Omsorg som arrangør.

Frammøte: 80 personar. God song og god stemning.

Frammøt var om lag 80 personar, noko lågare enn det som er vanleg. God stemning og god song. Rustne Menn har eit repretoar sett saman av allsong frå eige hefte og soloinnslag med gamalpop, country og viser. Nokre av tekstane er omsett frå engelsk til nynorsk av Svein Rimestad.

Eit anna lag frå Uskedaen, som også er aktivt med på institusjonsspeling, er Uskedal Musikklag. Musikklaget har alt vore på Husnestunet. Neste på programmet deira er Syng med oss på Rosendalstunet, tysdag i komande veke.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Gunnlaug Eik/ Kristian Bringedal