Boka “Med von om ei betre framtid”, om personar med tilknyting til Uskedalen som utvandra til Amerika, er no i salg. Fredag (14-17) og laurdag (11-15) vil historielaget vera ved SPAR Uskedalen og selja boka. Dei som har førehandskjøpt, kan og henta den.

Framsida på utvandrarboka.

De kan og kjøpa bok 2&3 av “Den nære fortida”. Gode tilbod ved kjøp av fleire bøker. Julegåvetips. Den som vil, kan og melda seg inn i historielaget. Viss de ikkje skal noko av dette, er det kjekt om de kjem innom for ein kjekk drøs. Viss de har med bilde vi kan låna, blir vi i ekstra godt humør.

Tekst: Thor Inge Døssland
Foto: Arkiv
Nett: Kristian Bringedal