Helselaget hadde ei vellukka fyrste samling: Eit bilete - di forteljing
Uskedal helselag hadde i ettermiddag ei vellukka fyrste samling med opplegget: Et bilde-din fortelling. Samlinga var for dei som slit med demens og deira pårørande. Tema for dagen var skule. Det blei mange gode historiar frå fyrste skuledag og andre aktivitetar og unotar frå skulekvardagen.

Det er kjekt å dela historiar frå gamledagar og notid. Alle hadde noko å bidra med. Neste samling blir neste måndag, 27. oktober. Ta kontakt med Elin Legland tlf 40468000 om dette kan vera noko for fleire. Det er ledig plass. Ta kontakt og ver med på ei fin stund i Gamleskulen.
Tekst: Marit Hjønnevåg/ Elin Legland Foto: Illustrasjonsfoto Nett: Kristian Bringedal