På haustmarknaden for nokre veker sidan fekk vi eit møte med tidlegare farmar Tor Eness frå Wisconsin. Slekta hans går tilbake til Enæs og Musland. Foreldra hans har namnet Tom og Elizabeth Eness. Han er fødd i Story City 1953, budde på farm nær Gilbert i oppveksten. Seinare flytta familien til farm nær Ontario, Wisconsin. Tor er pensjonist, men hjelper til med arbeid på farmen.

I den gamle skulestova på Haugland, samn med slekta si, Inger Elise Helgeland.

På haustmarknaden i Uskedalen bad Tor om å få låna ein gitar. Han er nemleg artist og har samla lokale country songar som han har spelt inn på CD. I kjellaren i Gamlesksulen framførte han spontant amerikansk folkemusikk.

Tor er countrysongar og har produsert og gitt ut CD med lokale songar.

Tor likar å ri, gå på jakt og fiska. Han bur i ei hytte, han har bygd sjølv, vest for Ontario, i område kring Brusch Chreek. I Uskedalen budde han hos slektningen sin Inger Elise Helgeland.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat