Kjenner du nokon som bør få Frivilligprisen ?
Dersom du har framlegg til kandidatar som bør få Kvinnherad kommune sin Frivilligpris, send inn namn til adressa du ser under. I fjor fekk Otto Kolaas prisen. Kven fortener frivilligprisen i år?
Frivilligprisen vert gjeve til ein initiativrik person, lokal foreining eller ei gruppe, som gjennom sine idear og med sitt pågangsmot har betra trivsel og livskvalitet for andre og medverka til eit meir ope, aktivt og trygt samfunn i Kvinnherad.
Kjenner du nokre eldsjeler som fortener ei slik påskjøning? Då kan du senda forslaget ditt med grunngjeving til: post@kvinnherad.kommune.no innan 10. november.
Tekst: Pressemelding Nett: Kristian Bringedal