Torkel Stensletten kan senka skuldrene, pusta letta ut og vera godt nøgd med kva han har fått til med utvandrarboka si. Han er endeleg i mål etter fem års arbeid med registrering og dokumentasjon av vel 500 personar frå Uskedalen som reiste i perioden 1849 – 1966. Om lag 30 personar let det ikkje gjera å finna informasjon om. Meir enn 7000 timar er brukt i dette arbeidet.

Framifrå frammøte på boksleppet i dag.

Det var godt frammøte frå mange bygder til boksleppet i Helgheim i dag. Fem lærarstudentar frå Ames i staten Iowa var med på samlinga. Dei har praksis i Kvinnherad for tida og var ein del av Uskedal historielag sitt utvandrarprogram. Alle fortalde litt om seg sjølv og om kor dei kjem frå Midtvesten.

Uskedal musikklag spelte til opning, mellom den mektige Jag har hørt om ein stad, framført som allsong. Sigvald og Sunniva Eik sin song til Uskedalen var eit anna innslag. Rustne Menn sytte for emigrantviser.

Song og musikk høyrer med i Helgheim.

Bokskrivaren nytta høve til å takka for god støtte og hjelp i arbeidet frå ide til ferdig bok. Han nemner særleg samarbeidet med skriftstyret, dei som har lese korrektur, til Astrid Haugland, Gaute Haugland og samarbeidet med formgjevar Åslaug Snilstveit i Salikat. Boka er trygt hos LOS Digital i Stavern.

For å sikra økonomien i prosjektet må ein særleg takka for støtte frå Kvinnherad kommune, Kvinnherad Sogelag og 23 firma og privatpersonar på sponsorlista. Historielaget har inne søknad om støtte frå Kvinnheradstiftinga. No er det viktig at boka sel godt. Alt komande fredag og laurdag vil det vera boksal på SPAR.

God kaffi og mjølkelappar smakte godt. Åse Neset, Jofrid Eik og Astrid Haugland sytte for god forsyning.

Bokskrivar Torkel Stensletten hadde det travelt med signering.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Hans Ordin Østebø/ Harald Sætre