Demensprisen for Hordaland 2025 gjekk til Husorkesteret, med Knut Vika, Harry Størksen og Hans Gustav Mussland. Husorkesteret fekk prisen fordi dei sprer mykje glede og flotte musikalske innslag på Stord Fitjar Demensforening sine kafètreff. Dette er eit initiativ som har stor betydning for personar med demens og deira pårørande.

Husorkesteret på Stord med Knut Vika, Harry Størksen og Hans Gustav Mussland

Hans Gustav Mussland var i Spania då prisen var overlevert, Han var difor ikkje med på dei offisiella bileta. Difor har uskedalen.no bedd om å få tilsendt foto der Hans Gustav er med. Formatet gjer at vi legg bilete ned i teksten og ikkje på topp.

Tilstades på utdelinga av prisen var både ordførar Sigbjørn Framnes og leiar for Rehabilitering, helse og omsorg Gunnhild Hauge.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat