Helselaget inviterer til aktivitet i høve demens.
Helselaget vil invitere til aktivitet i høve demens. Vi ønskjer å tilby eit ettermiddagstreff for dei som slit med demensrelaterte vanskar og deira pårørande. Det er planlagt 4 treff i haust, og det første er 22. oktober kl 1730 i Gamleskulen. Vi tek utgongspunkt i samtalematerialet Et bilde – din fortelling, og brukar det til å dele gode historiar med kvarandre. Det vert lett servering.

For meir informasjon og påmelding tar du kontakt med Elin på mobil 40468000. Påmeldingsfrist fredag 17. oktober. Vi ønskjer å ha små grupper, kanskje 2-4 personar med følgje, slik at vi har god tid til kvarandre, og til å ha det kjekt saman. Eg er takksam for hjelp.
Tekst: Elin Legland Foto: Illutrasjonsfoto Nett: Kristian Bringedal