På heimebane med boka Forsvarstale for eit vondt menneske.
Jørn Øyrehagen Sunde var på heimebane i går då han var gjest på ope møte i Uskedal historielag. Knapt ein stol var ledig i Helgheim og det var tilstrøyming frå mange bygder. Jørn er ein god formidlar og førelesinga på over ein time gjekk som ein vind. Utan manus fortel han fargerikt om det vonde menneske, Kari Knutsdotter, om drap, hor, avretting og ikkje minst generelt om dagleglivet på Vestlandet på 1600 og 1700 talet.

Boka, som er illustrert med bilete frå Noregs fyrste kvinnlege målar Catrine Kølle, har fått god omtale i media. Det går på innhald, men også på det at han brukar ei munnleg forteljarform når han skriv. Boka er faktisk skriven tre gonger før forfattaren og forlagssjefen var nøgde.
På møte fortalde Jørn om oppveksten i Uskedalen, om bakgrunnen for den historiske interessa. Foreldra var ei insirasjonskjelde. Det same var nærmiljøet på Døsslandssido med personar ein la merke til og snakka med. Alle hadde sine historiar.

Boka Forsvarstale til ein vondt menneske er skrive til døtrene Anna Elisabethn og Sunniva. I føreordet skriv han om kvifor han gjer det. Den som kjøper boka og les, har mykje i vente.
Uskedal historielag er godt nøgd med samlinga i går. Uskedal Musikklag krydrar det heile med fengjande låtar. Allsongen var god. Nye medlemer kom til. Neste på programmet er Bokslepp laurdag 18. oktober kl. 12.00.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal