Treng ikkje reisa ut av bygda for å høyra Jørn Øyrehagen Sunde - ope møte i kveld i Helgheim kl. 18.00.
Uskedal Historielag inviterer til ope møte i kveld, torsdag 9. okt., kl. 18 med Jørn Øyrehagen Sunde. Bakgrunnen for føredraget er boka Forsvarstale for eit vondt menneske, om Kari Knudsdotter som drap fire av dei fem borna sine, og kona til elskaren sin. Straffa var halshogging i 1771. Jørn vil også ta med saker frå Uskedalen på 1700 talet. Programmet for kvelden ser slik ut:

- Velkomshelsing
- Uskedal Musikklag spelar to nummer
- Jørn Øyrehage Sunde: Forsvarstale for eit vondt menneske
- Høve til å stilla spørsmål
- Informasjon om arbeidet i Uskedal historielag
- Boksal og signering
- Uskedal Musikklag
Det er venta mykje folk. Ver difor ute i god tid.
Inngang: kr. 50 / medlemer gratis.
Høve til å teikna medlemsskap for 2025. Sal av årbok 2 og 3. Førehandssal av utvandrarboka.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal