Demensprisen for Hordaland 2025 gjekk til Husorkesteret, med Knut Vika, Harry Størksen og Hans Gustav Mussland. Husorkesteret fekk prisen fordi dei sprer mykje glede og flotte musikalske innslag på Stord Fitjar Demensforening sine kafètreff. Dette er eit initiativ som har stor betydning for personar med demens og deira pårørande.

Hans Gustav Mussland med Syng med oss på Huglo. (Arkivfoto frå juli 2016)

Utdelinga fann stad på haustens første kafètreff 25.09.2025. Prisen vart delt ut av Torill Kaldefoss, leiar i Stord Fitjar Demensforening og fylkesstyremedlem i Nasjonalforeningen i Hordaland. Tilstades var både Ordførar Sigbjørn Framnes og leiar for Rehabilitering, helse og omsorg Gunnhild Hauge. Vi gratulerer med velfortent pris .

Tekst: Pressemelding - Nasjonalforeningen
Foto: Arkivfoto - 2016 - Huglo
Nett: Kristian Bringedal