Kvifor blir fuglane borte ? Tema på møte i Senioruniversitetet komande torsdag kl. 11 på Husnes.
Til neste møte i Kvinnherad Senioruiniversitet kjem naturfotograf Sigve Solheim med føredraget: Kvifor blir fuglane borte. Ein rapport om hekkefuglar i Europa viser at 600 millionar fuglar har forsvunne sidan 1980. Tala viser korleis me misser natur og naturmangfold i eit enormt omfang, trass advarslar og målsetjinger om det motsatte. Verst ser det ut til å vera for fuglar knytt til jordbruket. Mellom 1980 og 2017 er den totale tilbakegongen for fuglebestandane estimert til å vera på mellom 17 % og 19 %, noko som tilsvarar eit tap på 560–620 millioner fuglar.
I dette fotoforedraget vil Sigve Solheim gå nærare inn på dette. Han vil særleg ha fokus på kvifor fuglar blir borte i vår eigen kommune. Kan noko av årsaka vera:
• Matmangel.
• Kraftutbygging
• Høgspentlinjer
• Hyttebygging
• Katten
• Store vindauga
• Jakt
• Smårovvilt
• Lemenbestanden
• Utbygging i strandsona
Med alle meir eller mindre viktige syslar fortrenger mennesket arealet der fuglar og dyr skal leva. Naturen vert bygt ned bit for bit, også i Kvinnherad. Gjennom ein mannsalder på sjøen, i skogen og ikkje minst i fjellet er mykje av det Solheim presenterer sjølopplevd. På turar ute har han alltid eit kamera i sekken. Foto er ein viktig bit når noko skal dokumentarst. Slik er det og i naturverda.
Store naturinngrep er planlagt i kommunen vår dei neste 10 – 15 åra. Om alle desse vert gjennomført, slik dei er planlagde, vil enno meir natur bli bygt ned. Fleire artar vert endå meir truga. Fuglesongen vil stilna.
Sigve Solheim skriv til slutt i meldinga si: Me har alle eit ansvar for at etterkomarane våre skal få gleda seg over den fantastiske naturen me har. Difor må me etter kvart byrja trå varsomt. Me må syta for at me kan vera stolte den dagen me overleverer sjøen, skogen og fjella til neste generasjonar.
Som vanleg på møta i Senioruniversitetet er det matøkt.
Inngang: kr. 200/100 ( for medlemer )
Tekst/foto: Pressemelding Nett: Kristian Bringedal