Grasrotandelen: Rundt rekna 70 000,- til 9 lag og organisasjonar i Uskedalen.
Grasrotandelen vert utbetalt tre gonger i året. Bakgrunnen for tildelinga er at deler av overskotet frå Norsk Tipping skal gå tilbake til lokalsamfunnet, til lag og organisasjonar som er registrert i Frivilligregisteret og som har tipparar som har merkt av kven som skal få sju prosent av spelesummen. Tildelinga denne gongen gjeld for juni – september. Idretten ligg på topp for tildeling.
Ikkje uventa toppar Uskedal Idrettslag lista for tildeling til lag i Uskedalen, med heile kr. 30 585,-. Som ein god nr. 2 kjem Uskedal skulemusikk med kr. 11 847,-. Røysterett for Alle: kr. 6 734,-. ( Sjå bilete )
Dei andre seks laga er:
- Festidalen
- Uskedal Ungdomslag
- Uskedal Helselag
- Uskedal Utvikling
- Uskedal Friluftslag
- Uskedal Musikklag
Tekst/nett: Kristian BBringedal Foto: Arkivfoto